Blåkledd sensasjon på Ullevål Stadion

Publisert 18. oktober, 2013 i Blog

terjegudmundssonFekk i oppdrag av Morgunbladid (mbl.is) om å vere backupfotograf på Ullevål Stadion i Oslo 15.oktober under VM kvalifiseringa mellom Norge – Island. Kunne vel ikkje sei nei til det og dette var delvis upløyvd mark for meg og kunne vere god trening. Samtidig var dette personleg eit viktig oppgjer og ein kamp som eg uansett ville ha sett.

Eg møtte opp på Ullevål i god tid, vart geleida inn blant småstressa og kaffidrikkande mediafolk, der eg fekk utlevert pressebevis og fotovest. Det andre dreia seg stort sett om å følje straumen og vere klar med kamera. Det var ein god og lærerik fotokveld. Island tok seg til min store glede vidare til Play-off for første gong i historien med 1-1. Kven dei får møte der vert avgjort 25. oktober.
johan-gudmundsson